Helle Gaupe 12C27

Opprinnelig pris var: kr1249.00.Nåværende pris er: kr1099.00.

Som dyret kniven er kalla opp etter, tilbyr Gaupe meir enn berre eit flott ytre. Med eit stort og ergonomisk forma heiltreskaft i masurbjørk og eit av dei kraftigaste blada blant Helle sine stikktangemodellar, er dette ein kniv som trivast best i bruk i skog og mark.

På lager

Produktnummer: 111642 Kategorier: ,
Beskrivelse

I 2022 lanserte vi ein ny versjon av den klassiske Gaupe-kniven – like vakker og balansert, med 12C27-stål i bladet.

12C27 er eit stivare stål, og vil gi deg ei anna kjensle. Det fullherda bladet (sidan det ikkje er laminert) kan òg slipast til ein skarp rygg, for alle dei av dykk som tenkjer å bruke kniven med eit tennstål.

Som dyret kniven er kalla opp etter, tilbyr Gaupe meir enn berre eit flott ytre. Med eit stort og ergonomisk forma heiltreskaft i masurbjørk og eit av dei kraftigaste blada blant Helle sine stikktangemodellar, er dette ein kniv som trivast best i bruk i skog og mark.

Gaupe er ein kraftig kniv som kan nyttast til alt ein klinka stikktangekniv skal brukast til. Det ergonomiske handtaket gjer at du kan jobbe lenge med den, og trass i størrelsen er dette ein særs god spikkekniv. Lengda på bladet er ideell for det du treng å gjennomføre når du skal slå leir.

Gaupe blir levert med ei slire i vegetabilsk farga svart lær, med eit utskjært gaupepote-trykk som dekorativt element.